laurdag, januar 09, 2010

Litt oppsummering av siste vekene.


Siste vekene har vi vore med på mykje kjekt, og vi har også fått gjort mykje nyttig. Det nye året starta med ei feiring på laurdag 2. januar. Då vart Runar 31 år, og Janne og John Åge diska opp med ein nydeleg middag: Elgsteik med sjysaus, fløtegratinerte poteter og smørdampa sukkererter, gulrot og sellerirot. Det var ingen av oss (trur eg) som hadde verken smakt eller laga det før, så vi var veldig spente. Resultatet var heilt nydeleg godt. Vi kosa oss laurdagskvelden med god prat og korslaget på TV2, der fleire lokale kjenningar deltek. Heia "Team Simone"!
Søndag var same gjengen på bading på Herøy Fritidsbad. Det var kjempegodt å bade i det varme vatnet medan snøen lava ned ute. Avslapping og kos for alle saman. Mariell fekk prøve å bade i basseng for første gong, og Marius var heilt i hundre då han fekk sile i den store sklia. Ein kjempekjekk dag som vi absolutt vil ta igjen ein annan gong.


Tysdag fekk vi besøk av Lene og Leah, til stor glede for Marius. Det var lenge sidan dei to smårollingane hadde sett kvarandre, men det såg ut som dei fann tonen fort, og det var til tider høg tøysefaktor i stova. Særleg då Besten kom og kasta ball med dei. Han heiter Ivar, same som Leah sin (ste-)bestefar og han kasta ballen opp på spisetuebordet!! Leah, som er så flink til å snakke, sprang bort til Ivar og sa: " Du er ein tulling!" For Leah var det også veldig spennande med ein liten baby, og ho fekk gi e"tutten" til Mariell og vere med å legge ho i vogga. Stor stas!

 Ein liten pianokonsert fekk vi også. Firhendig! :-)

Til slutt nærma det seg kvelden, og "batteria" var snart tome. Då var det to som benka seg framfor TV'en i kvar sin stol for å sjå Barne-TV. Marius var nok lettare henslengt her og ganske gåen etter ein dag med barnehage og besøk. Han sovna omtrent før eg la han i senga, med pusen sin i armkroken og eit smil. Gode guten. Han hadde nok hatt ein kjempekjekk dag. Takk for besøket Lene og Leah. Må kome snart igjen!

Elles har vi siste veka og litt i romjula fått jobba ein del på loftet. Eg har ikkje tatt så mykje bilete enno, men skal prøve å få gjort det snart og legge ut litt. Eg har blant anna mala trappa og gangen nede lys, og det vart stor forandring. Elles er snart rekkverket på plass, og mykje av listing og småplukk på kjøkkenet er også snart i boks.

Ingen kommentarer: