Ho er ei stor og kraftig jente på 7830 gram, og ho er 65 cm lang. For tida likar ho best å sitte brattst mogleg, og likar godt å trene på å rulle rundt frå ryggen til magen. Ho har ikkje klart det enno, men det er like før ser det ut som.
Mariell er eit sosialt lite vesen også, og elskar når nokon pratar med ho. Kjekkaste ho veit er når vi seier "bø" eller "tittei" slik at ho skvett til. Då flirar ho høgt!
Elles så går det i gurgling og småhyling når ho ligg på golvet og leikar seg.
Om natta er ho flink til å sove, og kan ligge til langt utpå dagen.
Marius er stolt av veslesyster si og passar godt på at smokken er på plass, og seier frå når han høyrer at ho skrik. Han klappar og er snill med ho, og tøyser så ho ler. Ikkje teikn til sjalusi så langt heldigvis.
Faktisk var han litt redd eg hadde tenkt å køyre ifrå ho eingong vi skulle ut og fare. Marius sat klar i bilen og "systå" sat klar i bilstolen i gangen. Eg hadde berre igjen å sette vogna inn i bagasjerommet før vi skulle fare, og måtte flytte bilen litt fram for å kome unna verste snøbréen. Då trudde nok Marius at eg hadde gløymt Mariell i gangen og skulle køyre ifrå ho, så han ropte: "Neeeei, systå!!!"
Passar på, gjer han. Godt å sjå.
2 kommentarer:
Hi-hi, tek rolla som storebror på alvor han ja :-) Heldige Mariell som he en so snill bror!
For en skjønn liten jente! Koselig blogg dere har :-)
Legg inn en kommentar