"
Tida flyg", er noko vi seier støtt og stadig. Og det gjer ho også. Merkeleg nok så er det slik at når ein ser kvarandre kvar dag, så legg ein ikkje så godt merke til dei små endringane som skjer i det daglege. Heldigvis har vi i dag både bilete og film som kan dokumentere tilbake i tid, og det er når eg sit og kikar på bilete at eg oppdagar kor stor Marius plutseleg har vorte. Berre no i jula har det skjedd utruleg mykje, og vi er så takksame for at vi fekk vere så mykje i lag denne jula. Marius har nemleg fått skikkeleg dreis på pratinga, og no tyt han i eitt sett. Det er ikkje alt som er like enkelt å forstå sjølvsagt, men han pratar om mykje vi ikkje ante at han forstår seg på, og går rundt oss her som eit lite "ekko".
Noko eg stadig lurer på når det gjeld denne utviklinga og farta utviklinga går i, er korleis andre born er i denne alderen. Ofte har eg vorte veldig overraska på barseltreff tidlegare når eg ser/høyrer at lydar og fakter er dei same med alle borna, og at alt skjer omtrent på same tid. Dette er utruleg fascinerande! På same tid ser eg no same utviklinga med Mariell, og hugsar igjen etter korleis det var med Marius.
Fekk lyst til å ramse opp nokon av dei tinga som Marius gjer, eller ikkje gjer no når han er 1 år og 10 mnd:
- Han svarar "Marius" når vi spør kva han heiter.
- Han prøver å hoppe, men det liknar mest på tramping. (kan ikkje å hoppe)
- Han et middag, joghurt og skiver sjølv/med skei, og drikk av vanleg glas.
- Han snakkar i korte setningar med 3-4 ord: Til dømes: "Opp og stå", "Ha på dressen"
- Han seier ikkje "r". (sjølvsagt....)
- Han rotar litt med "eg" og "du"...kva er kva?
- Han klarer å kaste ein ball ganske langt, men det er tilfeldig kva hand han brukar. Mest høgre.
- Han kan telje til 3, hoppar ofte over 1, men seier "to, TRE!!"
- Han kan namna på mange i familien, mange i "Drømmehagen", borna i barnehagen, tilsette i bhg, venner, og namna på mange ting og bøker i huset.
- Forstår skilnaden på "på" og "under", "tak" og "golv".
- Seier "takk" og "versågod".
- Har ikkje tissa på potte eller i do enno, sjølv om vi ofte trenar på det.
- Kan kle av/på seg enkelte plagg som lestar og nattdress, støvlar og lue.
- Hjelper til med til dømes å hente ting til mamma, og kaste bleier o.l. i boss.
- Er også veldig hjelpsam med å fyre i ovnen...."Heittttt!"
- Klarer ikkje å trø sjølv på trehjulssykkelen.
- Kan dukke under vatn, og duppar ansiktet i vatnet sjølv, og seier "Brrrrr".
- Er flink til å "passe seg". Ramlar og slår seg sjelden, men er veldig aktiv og likar godt å klatre.
- Kan ikkje å klatre ut av sprinkelsenga enno. (Takk og lov for det!)
- Legg seg til å sove i eiga seng etter at vi har sagt "god natt".
- Kan putte ulike former i ei kasse ("fisher price"-leike), men har sine favorittar, og tek ikkje med alle...
- Elskar å "ta plassen/stolen" til nokon.
- Hermar.
- Leikar mest "ved siden av" andre born, og ikkje så mykje "ilag med".
- Likar dårleg å dele leikene sine med andre, men det går stort sett bra.
Det vart ei lang liste, og den kunne nok vorte mykje lenger også.
Eg tenkte at den som les dette og tilfeldigvis har/ har hatt born i same alder kanskje kjenner igjen at det var akkurat slik i då. Kanskje er det ting på lista som du ser at dine born akkurat har byrja å gjere...er det ikkje artig? For vår del vert det artig å sjå om Mariell gjer/kan dei same tinga når ho vert like gamal som Marius er no.
Set pris på kommentarar om du har noko å føye til lista, same om det er ditt barn/mitt barn, eller andre born du tenkjer på. Artig å lese alt dei kan sjølv om dei ikkje har vorte 2 år enno.
Gjerne ord og uttrykk, for det er så stilig!!
Her har Marius akkurat "stjelt" stolen til Besten, og sit og "trommar" med fingrane på armlenet slik Besten brukar å gjere. Storkosar seg ekstra når vi seier: "Neeeeei, ikkje ta plassen min!"
4 kommentarer:
Hehe... artig å lese Anette! :) Blir spennande å sjå når Mariell blir like stor.. om dei same faktene e der.. :)
Kor kjekt å lese! Ej kan no godt tilføye lista litt:-) Sida ho Sigrid ikkje snakka før no i haust so ligge ho omtrent på same nivå so na Marius. Tøffaste orde ho he e "bananen" so betyr barnehagen:-P
Det so e litt facinerande e at dei forstår so mykje meir enn dei greie å utrykke seg sjøl. Sigrid he forstått alt me sei til ne, men me he liksom ikkje fått respons før no siste månane. Ditte me leiken e heilt normalt for alderen. Samleik me andre blir vel meir vanli rundt 3-4 år.
Tenk på Sigrid som blir 3 år!! Sat å såg på babybilde av ne her en dag. Fekk litt tåre i auene, Astrid var 2-3 år og Mary Ann va 7år...Ufattelig kor fort tida går!!He sagt det til Mary Ann at ho fekje vekse meir!! ;-) ej blir so sentimental...uhu...
Lurt å lage seg slike lister knytt til ein viss alder. Eg må seie at eg ikkje hugsar heilt kvar Sofia var akkurat på den alderen. Det er som du seier, tida gjeng så fort og ein ser kanskje utviklinga best når ein ser tilbake i tid. for meg virka det som Marius ligg veldig godt an for alderen. Sofia var nok tidlegare i gang med praten, men ho var veldig tidleg der. Å kle av og på seg derimot var ho seinare på. Vi trena, men det var rett og slett ikkje interessangt for ho. Skal verte flinkare på notere meg når Edle når milepelane sine :)
Takk for den fine kommentaren og gratulasjon :) Staden er Ørsta Kyrkje, tida er kl. 11. Hjarteleg velkomen! Takk for tilbud om å låne ting. Har ikkje heilt kontrollen enno, men tek kontakt om eg treng noko :) Klem
Så flink Marius er! Merker at han er stor gutt no ja!
Litt rart dette: Her i huset er Tilda minstemor, og blir vel behandlet der etter! Jeg tenker ofte at hun er lille-vennen vår og selv om hun blir 2 år til våren, er hun i mine øyne sååå liten enda:)
Men så kan ikke jeg skimte til med et lite gull på tre mnd heller da;)
Sammenligningen min blir mot en bror på snart 6 og en søster på snart 9,5 år:)
Legg inn en kommentar