søndag, januar 17, 2010

Vinteridyll...

Igår var det første dagen gradestokken kom opp på den raude skalaen sidan før jul. Eg trur faktisk det vart kaldt den helga vi hadde barnedåp (20.desember), og sidan har det vore kaldt, veldig kaldt. Det er ikkje ofte véret er stabilt så lenge, og det er ikkje ofte at vi har så mange kuldegrader. Det har til tider vore over 20 minusgrader her. Snøen som kom har vore som pudder, lett og luftig. Ungane i barnehagen har til tider vore fortvila over den rare konsistensen, for det har ikkje vore råd å lage verken snøholer eller snømenn.
Personleg må eg seie at eg likar vinteren best når det er stabilt kaldt slik som det har vore no. 20 minus er vel litt voldsomt, men så lenge eg slepp slaps, snø og regn om kvarandre, så synest eg det er topp.

Desse vekene med kaldt vér har gjort at det har vore mange flotte motiv rundt om, og eg har alltid hatt ein favorittplass når eg køyrer mot Ørsta. Det er når eg køyrer ned "Nakkebrauta" mot Vatnevatnet. Der er det ofte frostrøyk, og det gir ei nesten trolsk stemning. Eg bestemte meg for at eg ville prøve å forevige det denne gongen medan snøen hang på trea, og før mildvéret kjem og øydelegg stemninga.
Her er nokre av bileta eg tok:




8 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Utruli flotte bilde Anette!!!!
Ej he gått å tenkt på at no m ej me forevige dinne vinteren...men vart det me mej då trur du? Plussgradene kom før ej fekk handa uto baken ;-)
men dissa bilda va kjempeflotte. Kunna godt ha tenkt mej et sånt bilde på veggen!

oddhild Kalvatn og Håvard Aklestad sa...

utruli nyydelige bilde anette :)

Lillabethos sa...

Oh My God!!!!!
For noen fantastiske bilder Anette! Du er proff, UTEN tvil!!!!

Randi sa...

Du store tid, eg fekk frysningar, meir og meir dess lenger ned eg skrolla...!!! Alle var nydelege, men det der sola akkurat gløtta var det aller flottaste syns eg. Varmt og kaldt på same tid, eit nydeleg uttrykk! Detta kan du!! :D

Sølvi og Anders sa...

Fine bilder du har tatt:) Utrulig!:)

Solveig sa...

For nokre NYDELIGE bilde! So flink du e :-) Likte spesielt godt nr 3 :-)

Dagfinrud Moe sa...

Tusen takk alle sammen! D va kjekt å høyre at dokke likte bilda;-)

Siv sa...

Himmel, så fine bilder!! Du e no skikkelig proff du:)