laurdag, oktober 18, 2008

Audun 29 år idag!

Idag har Audun bursdag. Vi kom akkurat heim no ikveld frå ei overnatting på Selje hotell. Vi reiste igår ettermiddag, og no har vi fått slappa av, kobla ut og berre kosa oss. Marius har vore med, og han har vore ein engel å ha med seg på tur. I tillegg til å sjarmere foreldra sine, har han nok sjarmert heile hotellet. Mange av gjestane kom bort for å prate med Marius, og han serverte smil til alle.
Både eg og Audun har fått aromaterapi i dag, og det gjorde godt. Det var bursdagsgåve frå Annemor, og fall godt i smak, trur eg ja. Tusen takk!
Vi hadde tenkt å kike oss litt rundt om kring på Stadtlandet og på Selje, men idag har det regna så frykteleg at vi droppa det. Det hadde sikkert ikkje vore sikt til å sjå noko likevel. Så då vende vi nasa heimover att, og det er igrunnen godt å kome heim på laurdag og vite at det er ein fridag til før helga er over.

Då vi svinga inn på tunet her, såg vi også at all skifersteinen somlåg hulter-til-bulter på plassen her før vi fòr, var stabla fint opp på pallar. Audun nemnde faktisk i forgårs også at laurdagen ville han bruke til å rydde skifer.
Men no har det altså vore eit par gode tankelesarar her. Per Helge og Kristian, dokke e berre heilt fantastisk gode!!

Ingen kommentarer: