fredag, oktober 24, 2008

Forkjøla Marius:-(

Igår var vi ein tur til lege med Marius, for han har vore litt tett i det siste, og ikkje fått sove skikkeleg om natta. (Om dagen er han heilt fin, så det er litt rart.) Med legen fann vi ut at han hadde både øyrebetelnnelse og halsbetennelse, i tillegg til at han var slimete i halsen. Vi fekk medisin, ein kur vi skal ta i 7 dagar, så då får vi håpe han vert frisk fort. Heldigvis har det ikkje verka inn på humøret så langt, for han har vore like blid som vanleg, berre litt rolegare og meir kosegut, og det er ikkje det verste...;-)

Idag skal vi på Åse sjukehus også, for å sjekke ut ein liten bi-lyd på hjertet, som legen høyrde då vi var på 6-mnd.-kontroll. Det er heilt sikkert ikkje noko å bry seg om, sa legen, men dei brukar alltid å ta ein ultralyd, for å vere sikre på at det ikkje er noko gale. Sidan Marius både et og legg på seg, og utviklar seg normalt, var dette ikkje noko vi skulle gå å tenkje på, sa legen, så då får vi håpe han har rett i det;-)

Etter legetimen vert det vel ei lita runde på Moa også, fryktar eg...

Ingen kommentarer: