
Eg vart litt imponert over ei bestilling eg gjorde på nettet her ein dag. Som regel får vi ei ordrebekrefting, som ganske formelt ramsar opp det du har bestilt, prisen og så vidare. Denne bekreftinga kjem også oftast som ein automatisk utsendt e-post, med ei adresse som ikkje går an å svare på.
Så var det mi bestilling...eg fann nokre fine klede til Marius på ein nettbutikk, og etter å ha sendt inn mi bestilling, fekk eg opp på skjermen at ei bekrefting ville verte sendt til min e-post.
Eg sjekka ikkje e-posten før dagen etterpå, for dei brukar vanlegvis ikkje å vere så spennande desse e-postane.
Eg stussa litt då eg såg at eg hadde fått e-post ifrå ei "Kristine".
Teksta var slik:
"Hei!
Sitter på kontoret her i Stavanger, omgitt av Roomies og andre kule saker, og så dumper det inn en bestilling fra deg... Takk skal du ha!
Jeg skal finne frem det du har bestilt, pakke det pent inn og skynde meg til postkontoret før det stenger. Jeg sender deg en e-post så snart pakken er på vel.
Hilsen Kristine i ....."
Det var voldsomt til sevice, tenkte eg..
Då eg sjekka e-posten min idag, hadde eg fått ein ny e-post frå "Kristine", og den vil eg påstå var den mest spennande sendingsbekreftinga eg har fått nokon gong. Den var slik:
"Hei igjen!
Vil bare gi beskjed om at jeg idag nøye har gjennomgått innholdet i bestillingen din, sjekket at alt er som det skal, pakket det forsiktig og pent inn og satt adresselapp på pakken
Pakken var så stor at den nesten ikke fikk plass på bagasjebrettet på sykkelen min - men jeg klarte det akkurat. For sikkkerhetsskyld leide jeg sykkelen trygt og godt på fortau og sykkelstier, slik at pakken din ikke skulle bli skadet. Jeg krysset to fotgjengerfelt, men ikke før jeg var sikker på at det ikke var biler i nærheten.
Da jeg kom til portkontoret tok jeg ikke sjansen på å frankere pakken selv, men fikk hjelp fra en postfunksjoner med den nøfvendige kompetansen og erfaringen. Funksjonæren heter Birgit, og jeg leverte henne forsiktig pakken din, og fulgte den med blikket het til den og Birgit forsvant ut av syne. Nå er alt opp til Birgit og alle de andre på Posten.
Jeg har i alle fall gjort mitt aller beste for at din bestilling fra tinyshop.no skal komme fort og trygt frem. Pakken skal nå deg om et par dager. Jeg håper du blir fornøyd - og hvis ikke ber jeg om å få beskjed, slik at jeg kan gjøre det bedre neste gang. Eller varsle Birgit om at hun må gjøre det bedre.
Ha en fin dag, og husk at lekne mennesker forandrer verden!
Hilsen Kristine i ...."
Det må eg seie...om pakken og innhaldet er like bra som servicen, så trur eg at eg vert fornøgd.
Det er vel kanskje ein ny og nøye uttenkt måte å få kundane til å kjenne seg personleg mottekne, men i alle tilfelle, så gjekk eg fort på den limpinnen..
Kjekt å vite at sjølv om ein sit og trykkjer på eit tastatur, og bestiller ei vare på internett, så sit det ein person der ute og får mi bestilling, og sender meg ein e-post. I allefall er det lett å gløyme i desse digitale dagar...
Nettbutikken eg har bestilt ifrå, fann eg via bloggen til
Monica og fall pladask for ein dress ho hadde bestilt der.
Nettbutikken: TINY
Ha ein god fredagskveld, folkens!
Klem frå Anette.
1 kommentar:
Ja,det va litt av nokre tilbakemeldinga :-) Mulig dei e "ferdigskreve" dissa der med da, men koselig likevel ;-) Dressen såg veldig god ut. Trur ej må berre laver å gå innpå dinna nettsida der...
Legg inn en kommentar