
Litt spent og nervøs må eg innrømme at eg var, sidan det er over eitt år sidan sist. Men åååååh, det var kjekt å vere med igjen!
Vi vann kampen til slutt, som var i mot Herd, men eg må seie det er den raraste handballkampen eg både har sett og spelt. Til og med dommarane flira til slutt.
Herd hadde eit lag med godt vaksne spelarar, hissige som fy, og dei tålte INGENTING.
Annakvart minutt låg det nede ein spelar og hylte og bar seg. Filming? Ja..
Dei gjorde det vel for å få seg nokre ekstra pauser, for kondisen kunne sikkert vore betre. Men til slutt måtte dommarane til å forklare dei at "å spele handball inneber kanskje at du ramlar, og då må du også huske på at golvet er hardt!"
Skulle vel vere unødvendig å forklare vaksne spelarar at golvet er hardt, men eg trur ærleg tala at nokre av desse damene hadde passa betre til ein idrett som til dømes ballett.
Stillinga enda etterkvart på 22-18, og vi hadde leiinga heile kampen.
Eg fekk laga nokre mål tidleg i kampen, og det var utruleg deilig å score mål igjen!! Midt i 1. omgong fekk eg frimerke, så då var kampen så og seie over for min del, scoringsmessig vertfall.. men det var veldig kjekt å få spele igjen, og krige litt. Spørs om eg skal vere med til helga igjen, neste kamp er på laurdag. Hmm...fristande...
(Laget spelar i 4. divisjon og heiter Ørsta/Volda 3)
3 kommentarer:
So GØY! Og so heldig du e! Skulle gjerne trent handball igjen ej med, men he prøvd to gonga (ette Emma og ette Thea) og det bli for travelt og tungvindt sia ej må reise med ferge innover i vågen for å kunne bli med. Kos dej masse med treninga og kampane!
KOR KJEKT!
Handball er utrulig underhaldande, eg var i Voldahallen på søndag og såg 3.div.laget knuse gjestane;)
Bra at du har anledning til å vere med på handball sjølv om du har vorte mamma! Heia Anette:)
Ååå...*missunnelig* ej me vil spele igjen!!!!
Men de e litt vanskelig med dinne volleyballen på magen da..hehe.. Gi mej et års tid, so tenkje ej at ej e klar! :) De e no so kjekt og sosialt å kome sej litt ut!
Legg inn en kommentar