laurdag, oktober 04, 2008

Bakehjelp..

Idag fekk Anette ånda og sette i gong å bake. Mathilde og Janne kom ein tur på besøk, og det passa veldig fint, sidan Marius ikkje hadde tenkt å sove den vanlege luren sin midt på dag idag. Istaden for å sove passa han på at mamma hadde fullt arbeid med å passe på at han ikkje åpna skuffer, åt kattematen, eller rota med ledningane på golvet, og det var ikkje så enkelt midt i bakinga, så det passa bra at Janne og Mathilde kom og leika med Marius litt.

Mathilde fekk også hjelpe til med å bake ut deiga og smørje på smør, sukker og kanel. Etterpå kosa vi oss med skillingsbollar.



Då Marius skulle ha mjelk på flaske fekk Mathilde gi han, og det såg det ut som Marius kosa seg med. Han strauk Mathilde på kinnet, og kosa med håret hennar.

Sidan Marius sov berre eing gong for heile dagen idag, slokna han kl 18.30 ikveld, heilt gåen, så no spørs det kva tid det vert morgon igjen...trur det vert tidleg søndag her i hus...hehe..

3 kommentarer:

Lillabethos sa...

Åhh, det såg deilig ut! Så flink du er. Jeg gleder meg til å treffe dere igjen, kanskje vi får det til denne uken en gang??
Og du....han sønnen din er et skikkelig sjarmtroll-HELT HÆRLIG!!!

Anonym sa...

Kjempefine bilder:) Kry lita "mor"......stor stas....
Janne

Anonym sa...

Kjempefine bilder:) Kry lita "mor"......stor stas....
Janne