laurdag, oktober 11, 2008

Kristian vart kretsmeister!


Idag har Kristian vore med på Trial-stemne på Åfarnes. Dette var siste stemne for sesongen, og Kristian gjorde det kjempegodt og kom på 1. plass!
Sidan det var siste stemne vart det premiert for beste køyrarar samanlagt. Kristian var best, og vart kretsmeister i si klasse, ei klasse der han køyrer mot deltakarar opp til 13 år. Ikkje verst altså!
Det var ein som var veldig kry som kom for å syne fram pokalane sine her ikveld.
Gratulerer med seieren, Kristian!

4 kommentarer:

Siv sa...

Så flott layout du har fått på bloggen din, Anette!! Korleis fekk du det til?

Dagfinrud Moe sa...

Fann ei side her...: http://thecutestblogontheblock.com
Mykje spennande nips der. Resten va berre nokre tima til rådigheit..;-)

Anonym sa...

Kor kjempefine han vart, nye-bloggen din! Lekkert :)

Susanne

Dagfinrud Moe sa...

Takk, takk!