Eg kjenner at eg gruar meg skikkeleg til permisjonen er slutt, og endå meir til Marius må begynne i barnehagen. Skulle helst fått vore heime med han til han var minst 2-3 år gammal, synest eg då....
Men eg kan ikkje klage... Vi har gode permisjonsordningar i forhold til før, så det er ikkje der det skortar.
Likevel skulle eg ønske at eg kunne få vere heime og få oppleve Marius si utvikling kvar dag, istaden for å få høyre om den frå dei tilsette i barnehagen. Etter barnehagen er Marius sikkert gåen og uopplagt, og vi kjem slitne heim frå jobb etter ein travel dag. Husarbeid og heimearbeid kallar..Korleis vert det då tid til kvalitetstid ilag før det er leggetid?? Denne kabalen slit eg med å få til å gå opp. Men kanskje er det fordi eg ikkje har prøvt det enno...? Kanskje vert det ikkje så travelt som eg trur?
Ein ting har eg funne ut berre desse to dagane eg har vore vekk frå Marius, og det er at det er så utruleg godt å sjå han igjen, og få sjå kor glad han vert når han kjenner igjen oss, mamma og pappa, som kjem att frå jobb. I tillegg er det så godt å få levere han til snille besteforeldre, som han vert glad for å vere ilag med. Det er så tydeleg at han kjenner dei no.
4 kommentarer:
Husker eg hadde liknande følelse når permisjonstida nærma seg slutten med vår første jente. Eg synest det var heilt grusomt, og skjønte ikkje korleis det skulle gå å vere så mykje vekke frå ho. Men trøysta er, Anette, at det går faktisk bra! Sjølv om det enkelte dagar er litt stressandes og slik, så rekk ein over det meste. Berre vent til du får tre ungar, då blir dagane ofte litt for korte;) Eg skal vere heime eitt år ekstra denne gongen, men det er mest fordi det er siste ungen, og eg må nytte høvet. Og så fordi det er kjekt å vere heime ilag med dei, då sjølvsagt;)
Hei:)
Eg er nok ferdig med permisjon for 21 år sidan:) men veit korleis det kan følast likevel. Koseleg blogg du har, og Ørsta-bloggarar er det alltid kjekt å stikke innom. Legg deg til lista mi eg dersom det er greitt:)) Nydeleg liten Marius og så blid:)) Nyt dagen eg vil stikke ofte innom her:)
Lill
Gode lille Marius!
Jeg kjenner meg igjen i det du skriver!!! Med tre små som krever sitt på hver sin måte, vet jeg hva det vil si at dagene ikke alltid strekker til. Men jeg har funnet ut at det ikke gjør så mye, for da setter man enda større pris på de små øyeblikkene, de du virkelig husker igjen når du blir eldre!!
Marius vil få det såå godt i barnehage, hos slektninger eller der dere måtte velge å ha han, og dere får være litt fra hverandre (noe som høres grusomt ut, men som både du, Audun og Marius vil sette pris på etterhvert, og dra godene av;).
Jeg kan ikke si annet enn at det kommer til å gå seg til, helt sikkert(og det er alltid værst for mammaen;))
Ha en fin torsdag vennen! Glad i deg!
Dåkke he en av dei finaste lisjegutane ej he sett! Helsing ei so datt innom her.
Legg inn en kommentar