tysdag, oktober 28, 2008

Volda/Ørsta 3 - Hødd 20-20

Laurdag var det handballkamp i Ørstahallen, og det vart ein rar kamp eigentleg. Lite mål og dårleg spel heile første omgong gjorde kampen lite interessant å sjå på. Litt nervar pga at det var 1. heimekampen kan vere litt av grunnen, men elles finst det vel få unnskyldningar...Utover i 2. omgong kom det seg litt, og det vart etterkvart ein slitekamp som vart spennande til siste sekund. Etter å ha lege under så og seie heile kampen, greidde vi å kjempe oss tilbake og klarte å hente poeng. Slike kampar er alltid ekstra deilig å vinne også.
Neste kamp er mot Langevåg, borte, førstkomande søndag;-)
Vi ligg no på 2.plass på tabellen med 5 poeng. Volda/Ørsta 2 ligg på første plass, også med 5 poeng, men med ein kamp meir spelt og betre målforskjel enn oss.

Om nokon lurer på kva det er bilete av, så er det den fine og fargerike albogen min;-)