Idag kjøpte vi første spannet med måling, og starta på eit ganske stort og tidkrevjande arbeid i Bondalen.Meininga er at vi skal pusse opp loftet for å bu der medan vi pussar opp 1.etg.
Idag starta vi såvidt på stova på loftet, og fekk måla taket og taklistene. Stova var enklast å starte med, sidan der ikkje skal gjerast så mykje, men på kjøkkenet og elles på loftet skal vi endre litt meir, så der må det litt planlegging til først.
(Illustrasjonsbilete: Morten Tefre)
Audun har fullt opp med slåtten denne veka, og sikkert neste veke også, så planlegginga lyt vi ta når det vert rom for det. Ein ting vi er sikre på, er at vi må skifte ut kjøkkenet på loftet, så om det er nokre av lesarane våre som veit om kjøkken til sals, set vi pris på å få eit hint om det. Vi vil ha eit rimeleg, brukt kjøkken på loftet, og har ikkje tenkt å legge så mykje i det. For tida trålar vi finn.no for å sjå om det er nokre fine kjøkken der..Mykje fint der, men det meste er i Oslo-området..
Imorgon skal vi prøve å få tatt litt bilete av hus og oppussinga også. Etterkvart vil sikkert bloggen handle mykje om oppussing... Kjem til å ta lang tid dette her, for det er eit stort hus.
Rart å tenkje på at vi snart er gardbrukarar. Skal tru om vi eigentleg veit kva vi går til? Kvardagen vil verte annleis, men vi gled oss til å kome igong;-) (Eller det vil seie, vi er vel alt i gong...)
Ein ting har vi vore einige om heile vegen, og det er at vi vil at borna våre skal vekse opp ein annan plass enn i sentrum, og helst på ein gard. No ser det ut til at Marius får vekse opp på gard, og så får vi håpe at han vil like seg der! ;-) Synst vi ser han føre oss, i traktoren ilag med pappa. Det skal verte stor stas, det!
6 kommentarer:
kor spennande da! Er det huset som Audun har vakse opp i de skal pusse opp eller? Gler mej til å sjå bilde. De er så flinke med oppussing, og jammen har de fått god trening i Fagerborg-huset
D e garden deira i Bondalen ja. Stort murhus. Loftet blir berre sånn "foll-fart-prosjekt" e meininga, og so skal me ta 1.etg litt meir skikkele.
Ej sverga på at ej ikkje skolle pusse opp fleire hus då me va ferdige her, men jammen vart d en gong te ja.
Drømmen va egentle å få bygge nytt, men no vart no situasjonen litt annleis, so...
Kor d går me dej då? Kjende du nå David forestn? He tenkt en del på d i d siste. Du hadde nå vel på skule du kanskje? Va so utrule trist!
Dåkke bli no mestera i oppussing dåkke no :-) Sikker på at dåkke fær det veldig fint. Syns dåkke e veldig tøff som tek over garden!
Ej kjende na ja, va masse i klassa særleg da dei gjekk i åttande. Veldig trist.
Med mej går det berre bra, e masse på fjellet. I helga skal ej i bryllaup til Ragnhild og Terje. He vore i tre bryllaup i år, so finekleda he fått kjørt sej litt. Om ei veke e det jobb igjen... ekje heilt klar enda...
Blir spennande med nytt husprosjekt da! Skal dokke bu i samme huset som mora til Audun da? Ej trur ej må ha mej ei kikarronde..
Hallo:)
såg du hadde vore innom bloggen min..kjekt. Har ikkje heilt fått dreisen på dette med blogging enno, men håper å bli flinkare etterkvart. De hadde ein veldig fin blogg. Må snuse litt rundt i blogglandia for å få litt tips on inspirasjon....så skal ein sjå at eg med tid og stunder får det til :)
Mykje bryllaup på dej for tida alså...
Jobben nærma sej for mej me..kjenne ej lyte koble mej på gjen. Sjøl om d e berre en dag i veka, so må no haude bjynde å virke gjen..
Mora hass Audun e på utkikk ette ei passele leiligheit, men ho bur no der borte te så lenge ho finne nåke. Lite te salgs for tida, so d kan no hende d verte ei stond.
Uansett so må ho flytte på sej når me ska bjynde å pusse opp nede, men d e no ei go stond til då.
Trur ho e innstilt på å flytte, for ho he sjøl opplevd å ha svigermor på loftet, så ho sei ho vil at me skal sleppe d. ;-)
Me fe sjå ka so dokka opp. Me kan no ikkje kaste ne ut heller. Hekje ho fonne sej nåke, so bur ho no der til det ordna sej, d ska no gå greitt.
Legg inn en kommentar