
Fann eit lite utklipp frå barnemunn som vi berre måtte lage plass til. Det er ei skildring frå ein 8 år gamal gut, og han fortel korleis ei bestemor er:
Ei bestemor er ei gamal dame som ikkje har born sjølv, men ho er veldig glad i andre folk sine gutar og jenter. Når dei går turar i lag med deg, går dei sakte forbi planter og kålmark. Dei seier aldri "fort deg" eller "skund deg". Dei brukar briller og av og til tek dei ut tennene. Dei kan svare på alt du enn spør om. Til dømes: Kvifor hundar hatar kattar, og om kvifor Gud ikkje er gift. Når dei les for oss, hoppar dei aldri over noko, og dei bryr seg ikkje om det er den same forteljinga kvar gong. Bestemødre er dei einaste vaksne som har tid til noko. Alle born burde hatt ei bestemor!
(Frå NU nr 32-08)
4 kommentarer:
Kjekt å kike innom deg! Så utruleg mange flotte bileter av sjarmøren dykkar!
Orda frå barnemunn var forresten knakande gode...Så sant som det er sagt...!
Takk for det! Marius'en vår e no verdens nydelegaste for oss, so d verte nok litt "sjøldigging" på bloggen vår for tida. Men so e no d mykje om han kvardagen vår dreia sej også no for tida, so då verte berre slik..;-) Fe håpe ikkje folk fe heilt kvalme-bye ta oss..hehe..
Dissa orda frå barnemunn syns ej va so knall at ej berre måtte ta dei me. En hyllest til alle besteforeldre!!:-)
Takk for at du e innom og legg igjen spor ette dej! ;-)
Dinne skildringa va berre heilt utrulig bra, og for eit nydeleg bilde! Kjenner at eg er glad for å ha opplevd nettopp slike bestemødre -og fedre!
Legg inn en kommentar