
Igår vart ikkje det noko blogging, sidan kameraet vart liggande att i Bondalen. Marius var 5 mnd igår. Du verden, kor tida flyg. Han er stor gut alt, og kan so mykje. Det skjer noko nytt heile tida, og for å oppdatere litt sidan sist, så har Marius no vorte veldig flink til å sove om natta. Før har han vakna for å ete mat minst 2 gongar pr natt. Det har vore ein liten overgong å få det til, men mamsen er veldig sta, og ville ikkje gi seg. No er det berre vatn å få om natta! Første natta var det skriking i 2 1/2 time, så var det 1 1/2 time natta etterpå, og i natt sov Marius heile natta utan ein lyd! Vi kryssar fingrane og håper det ikkje var tilfeldig...hehe...
Papsen er veldig oppteken om dagen, sidan det er så mykje som skal gjerast på garden, men han tek seg alltid tid til å tøyse litt med Marius. Og Marius eeeelskar å tøyse!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar