søndag, august 17, 2008

Ein ny kvardag..

Denne veka har vore ny for oss på mange måtar. Audun byrja på arbeid igjen, og Anette har også vore ein del på arbeid denne veka, for å få med seg litt planleggingsarbeid og kurs før skulestarten, sjølv om det eigentleg berre er måndagane ho skal arbeide. Samstundes skal fjøsen gjerast to gongar om dagen, så vi har prøvt å få det til å gå i hop så godt som råd, men det har vorte mykje på Audun, som knapt har sove heime siste to vekene.
Marius har vore på besøk med besta og besten fram på dalen, og har kosa seg der. Mykje av ettermiddagane og kveldane har gått med til å arbeide med oppussing og diverse gardsarbeid i Bondalen. Då har farmor vore god å ha. Ho har både passa Marius og stilt opp med middag til arbeidsstokken.
Ivar og Åshild har også vore veldig svære til å stille opp for å hjelpe til i Bondalen, og det er veldig kjekt.

Besten gir Marius graut.



Slik ser vi ut etterpå ja...hehe..














Per Helge og Kristian har vore mykje i Bondalen i det siste dei også, og dei er alltid klare for å ta i eit tak når det trengs. Kristian stiller gjerne opp og hjelper onkel Audun. Her har Audun og Kristian akkurat vore opp i beitet for å leite etter nokre kyr som hadde gått litt for langt opp. Og om ikkje Kristian er ute og hjelper Audun, passar han Marius, eller kanskje han trillar ein tur.

Dokke er heilt supre! Me set so uendeleg stor pris på dokke!!



























Sidan vi har vore i Bondalen til seint på kveld nesten kvar dag siste to vekene, har det vorte "so som so" med leggerutiner for Marius. Han som nettopp hadde vorte så flink til å sove heile natta, har no vorte litt "bortskjemd" med at han sovnar i bilen på veg heim. Det har resultert i at han vaknar oppatt og ikkje vil legge seg til å sove att, og det har vorte nokre våkne timar på oss nattestid...
Fredag bestemte difor Anette seg for at vi skulle ta ei roleg helg, for å kome tilbake til normalen igjen.
I tillegg til det, reiste vi til Ulsteinvik på laurdag, for å få taki ein "baby-safe", slik at vi får festa Marius om natta. Han driv nemleg og snur seg på magen i søvne om natta, og så vaknar han... Vert spennande å sjå om han godtek å verte festa..:-/
Dei siste dagane har Marius protestert når han skal legge seg, men idag og ikveld ser det ut til at vi har funne tilbake til dei gode rutinene. Så får vi krysse fingrane og håpe natta også vert like bra. Det hadde vore godt med tanke på at det er jobb imorgon ivertfall.

Ingen kommentarer: