måndag, august 04, 2008

Litt sjalu??


Her ein dag vi gjekk ut på trappa fekk vi sjå to grøne auge lyse mot oss...dei var nokså smale dei augene, for her var det ei som hadde lagt seg godt til. Pjuskeline låg så fint i korga under barnevogna til Marius. Skal tru om ho hadde tenkt å lure seg med på ein liten trilletur? Det kan vertfall til tider verke som ho gjer mykje for å få litt oppmerksomheit, for sidan Marius kom til verda har det vorte litt mindre kos på katten, må vi innrømme. Men ho er så snill at...;-) Gode pus.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Stakkars Tussi vår me he opplevd korleis det e å få unga i hus. Med en gong oss fekk ho (for 8 1/2 år sia) so fekk ho ligge i senga vår om natta. So kom ho Emma ettekvart, og Tussi måtte ligge på vaskerommet. So kom ho Thea, og då vart Tussi flytta ned i kjellaren. No når han Kasper he komt, so he ho vør ute om nettene... Men ho kosa sej ute no da, og kjem inn og søv på dagtid. Ikkje alltid like greit og bli skubba lenger og lenger bak. Men oss e veldig glad i ho da!

Dagfinrud Moe sa...

Me he heldigvis hatt ne Pjuskeline ute om natta heile tida, eller so vekkje ej kor samvittigheita mi ha hatt d no, når me bur so tett inntil veien. Ho e kjempeflinke å passe sej, og no om sommaren e ho faktisk mykje på campingferie, og besøka turistane på campingen her. Dei gir ho mat, so me trengikkje om å vere bekymra for ne viss me e vekk nokre daga;-)