Audun har hatt mykje folk i arbeid idag. Både Ivar, Pegge og Jan Ove har vore på Svora i heile dag for å støype inne i fjøsen. Mykje skal gjerast klart i fjøsen til dyra kjem heim frå sommarbeite, og når den dagen kjem tidlegare enn tenkt, vart det litt knapt med tid. Alt måndag skal dyra heim, så før i veka har det vore full nedvask, og i dag var det noko som måtte støypast. Det var godt å vere fleire i arbeid, og det er så godt med folk som tilbyr seg å hjelpe til. Å spørje om hjelp sit langt inne.. Kristian skulle til Hjartåbygda for å trene Trial i dag, og då klokka nærma seg 15.00 kika Pegge på klokka... For at ikkje arbeidsstokken skulle verte erstatta med ei litt meir ukyndig arbeidskraft,(les: Anette) tok Anette og fylgde Kristian istaden. Det var kjekt å sjå kor flink Kristian har vorte siste tida. Han har ny og større sykkel, og køyrer på dei mest utrulege plassar. Medan mange på Kristian sin alder er opptekne av å køyre fort og spinne, er Kristian konsentrert, og fokuserer på å halde god balanse.

Kristian måtte jage geiter som låg i vegen då vi skulle inn i Hjartåbygda.
2 kommentarer:
Har bare en ting å si: Pågangsmotet, innstillingen og DERE imponerer meg!!! Dere er flotte mennesker Anette!
Takk! Kjekt med sånne fine ord. Gir endå meir pågangsmot når en fe høyre sånt. Det blir nok monge tøffe tak framover, men me skal klare oss, d e me heilt bestemte på;-) Godt å vite at dokke støtta oss og e me oss på veien. Det sette me utrule stor pris på! Dokke e so flotte dokke me, det ska dokke berre vete!
So kjekt at me klare å halde kontakta so bra;-)
Legg inn en kommentar