
Idag var det første skuledag på Åmås, og mange spente elevar stod klare kl 09.00.
Anette var der for å helse på klassa igjen, og informere litt om kva som skal skje på måndagane framover. Etter ei travel veke, med mykje planlegging, var det godt å kome igong, og det var godt å treffe igjen klassa. Ein fantastisk god gjeng, som det er lett å sakne!
(Gammalt klassebilete frå 2006)
Kl 11.00 i dag var det tid for 5 mnd-kontroll for Marius. (Han er eigentleg 5 1/2 mnd no då, men...)
Status no er 8520 gram og 68,5 cm lang. Veks og trivst denne karen vår!
I tillegg til den vanlege kontrollen fekk Marius to vaksiner idag. Har enno ikkje merka noko til reaksjonar etter sprøytene, så vi satsar på at det ikkje vert nokon reaksjon.
Tidlegare idag var Marius i fin form, og kosa seg skikkeleg då pappa hadde tid til å tulle litt.
Det er nemleg ikkje så ofte papsen er heime for tida, sidan han både arbeidar og har ein gard å passe. Det er berre i helgane at vi har papsen her litt, for elles er han i Bondalen både dag og natt. Men sjølv om vi ikkje ser han så ofte no, er det tydeleg at Marius har full kontroll, og lyser opp når han ser pappaen sin. Trur det er ei god vitamin-innsprøyting for Audun;-)
Litt seinare på kvelden vart Marius litt slapp og trøtt, og tok kveld litt tidlegare enn han brukar, så kanskje det hadde noko med vaksinene å gjere.
Å, kor me kosar oss!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar