Meininga er at taket, veggane og glaskarmane skal malast lyse.
Då dette biletet var tatt, hadde veggane vorte "metta" med tapet-lim blanda med vatn, for at dei ikkje skal trekke så mykje maling. Taket har også fått eitt strøk, og glaskarmane er sparkla og pussa.
Etterpå fekk taket eit strøk til, og veggane fekk eit strøk. Sjølv om veggane var "metta" litt på førehand, gjekk det utruleg mykje maling, så vi måtte tynne ut malinga for å få nok.
Så må vi vente til måndag før vi får tak i meir maling...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar